Osøren Blues & Jazzfestival skal i år gå av stabelen frå 25. til 27. juni. Som vanleg blir det ein festival med gode artistar og eit rikhaldig program. Som vanleg ønskjer vi å presentera musikk med band frå regionen og lokalmiljøet, men ikkje berre herfrå. Nettopp det musikalske møtet mellom allereie etablerte artistar på nasjonalt nivåog mindre kjende frå regionen har alltid vore eit varemerke for denne festivalen. Og som vanleg har vi også faste innslag som blues- og jazzcruisa på fjorden, jamsession midt på laurdagen og kyrkjekonsert som avslutning.
Osøren Blues og Jazzfestival er ikkje ein festival som tenkjer pengar. Ingen av dei som arbeider med dette, blir rike av innsatsen. Og vi ønskjer heller ikkje å leggja oss på ein billettpris som skal gjera det vanskeleg å få med seg noko av det musikalske mangfaldet vi presenterer i løpet av desse tre dagane i juni. Likevel, ein gang i blant er det kjekt å kunna slå ut håret, for dei som har det, og by på ein ekstra godbit utover alle dei andre godbitane, ein som ikkje akkurat er daglegkost i bygdene våre. I år er det eit slikt år. Vi hentar to store namn frå den andre sida av Atlanteren, i tillegg til eit såkalla heimleg trekkplaster, som vi trur kan interessera mange langt utover blues- og jazzentusiastane.
Programmet har vore snudd og vendt på mange gonger, også i år. Og vi kan garantera at ingen av dei heimlege aristane vi kan by på, er musikarar som kjem til å vera sporvar i tranedans. Somme er kjende, andre i staten av karrieren, men dei har det til felles at dei speler musikk av svært høg kvalitet. Følg med på nettsidene og les meir om dei. Og veit du noko som ikkje står der, kan du leggja det inn. Velkomne til ein vår i endelaus spenning framfor festivalen i juni.
Dette er en vanlig nyhets post med Basisbildet. Her kan en legge inn tekst og linker og mas se snadder.