Det kan vera du ikkje har høyrt eller har høyrt om denne artisten. Men ho har eit stort namn, både som gospelsongar og bluesartist. Ho er verkeleg ein bluesdiva, seier utanlandske tidsskrift i bransjen, og legg til karakteristikkar som hås og grov. Ikkje i negativ forstand, men med klar adresse til den karakteristiske røysta hennar. Ho er fødd i Chicago, for ei stund sidan no, og begynte den musikalske karrieren sin gjennom å syngja gospel i kyrkja og saman med ymse skulekor. Det var først rundt 1980 ho blei så pass inspirert av blues, som ho trass alt hadde vakse opp med, at ho blei å høyra på ei mengd bluesklubbar i heimbyen, ofte akkompagnert av ymse pianistar som Little Brother Montgomery og Erwin Helfer, men også med musikalske vener og kjenningar på scenen som Blind John Davis, B.B. King, Georgie Fame, Long John Baldry, for å nemna nokre få av dei tallause som gjerne ville spela med henne. Hennar første plateinnspelingar kom først på åttitalet og ho blei snart kalt for åttiåras Bessie Smith. Ho har ei kraftig røyst som eignar seg både til blues, jazz og gospel og er eit stort trekkplaster på festivalar over heile verda, ikkje berre for det vokale, men også på grunn av den måten ho formidlar musikken frå scenen. Ho er ein av dei levande legendende i blues i dag og har fått ei rekkje prisar, som t.d. beste internasjonale songar i 1999 i Frankrike, årets utanlandske kvinnelege songar i Storbritannia, toppnamn i Who’s Who i blues og så vidare. Lista er lang. I 2000 blei albumet «Thinking out loud» vald til nest beste i Storbritannia, og etter dette har ho fått yttarlegare merksemd og ros for platene sine. Ho har med seg sitt engelske firemannsband, The Mighty 45′s, og skal spela både i Vognhallen på lørdag og under avslutningskonserten i Os kyrkje på søndag. Det er ei storhending at Osøren Blues og Jazzfestival har greidd å sikra seg ein artist på dette nivået.
Sjå videoklipp: