Cajun- og zydecomusikk er opphavleg musikken til kvite av fransk herkomst, cajunfolket, og kreolane, som stammar frå Afrika og som begge bur i sumpområda i Louisiana. Begge stilartar er svært dansbare, cajun basert på fransk musikktradisjon, med innslag frå mellom anna skotsk, irsk og nordamerikansk folkemusikk, medan zydeco ( som eigentleg tyder bønner) er den svarte versjonen med meir påverknad frå blues og afrokaribiske rytmar. Arve Håland og Cajun Gumbo speler både cajun og zydeco.
Felles for desse er bruk av trekkspel, men medan zydeco har enklare instrumentering der vaskebrett er karakteristisk, nyttar cajun fele og gitarar som soloinstrument i tillegg til trekkspelet.
Bandleiar Arve Håland speler 10 knappars, diatonisk cajuntrekkspel og mandolin. Han har også komponert det meste av repertoaret, som elles inneheld kjende cajun/zydeco – coverlåter. Sjølv om Håland komponerer i tradisjonell cajun/zydeco, har han eit personleg uttrykk som gjer låtane særeigne. Danmarks leiande cajunmusikar, Elsebeth Krogh på fele og vaskebrett, og nokre av dei beste rootsmusikarane i Bergen, som Bjørn Tore Aasheim på gitarer, Christian Øvreaas på tangentar og munnspel, Kjell Madsen på bass og Gunnar Bergstrøm bak trommene utgjer det solide kompet bak Håland.
Bandet blei starta i 1993 og deltok same år i NRK’s tv-serie «Roots-93″. Bandets første cd «Heit Gumbo» kom i 1999 og singelen «Live at Rick’s» i 2002. Bandets tredje cd – «Bon Appétit» – ble sleppt i mars 06 og inneheld berre originallåtar.
Bandet er ein festivalfavoritt, og dei har spelt på fleire av dei største festivalane i Norge innan blues, trad. jazz, country og folk. Også store utlandske festivalar som Skagen Festival i Danmark og dei internasjonale Cajun- og Zydecofestivalene i Raamsdonksveer og Ameland, Nederland, har hatt besøk av dette spesielle, norske bandet.
Zydeco og Cajun er flott musikk. Det er garantert ein publikumstreffar som skal spela to gonger på Visningssenteret på laurdag. Høyr berre her: