BB Lyngs Bluesband

Dette er eit band som representerer den vestlandske bluesen 100%. Dei er topp instrumentalistar, dei har eit repertoar som mange kunne misunna dei, sprudlar av speleglede og skaper stemning overalt der dei speler. Bandet er ikkje meir enn 10 år gammalt, men det må vera lov å seia at medlemmene har lagt bak seg sin første ungdom, stort sett, ja, kanskje bortsett frå pianisten Øystein «Boogieman» Undem.  Men trass ung alder, alt i forhold til resten av gjengen, har han skapt seg eit stort namn for pianospelet sitt. Stort namn har nestoren i laget, vokalist Helge Lynglund, populært kalt Lyngs og, naturlegvis, ettersom han var den som starta det heile. Han har sin eigen spesielle stil, noko han deler med resten, for både Atle Mjørlaug på bass og ikkje minst Ole Thomsen på gitar er kjende og lett kjennelege musikarar for den som har følgt med nokre år. Ny i laget er Ole Ludvig Krüger på trommer.

Bandet har henta mykje av inspirasjonen sin frå Chicago, New Orleans og pianoboogie, men dei har likevel sitt eige særpreg. Høyr på CD-en «Snatch it back» frå 2008, så forstår du kva vi meiner. Visningssenteret på fredag blir staden å gå, om du vil bruka tid på denne fabelaktige gruppa. Ein liten forsmak?

Snatch it back

Legg attende ein kommentar