Blue Note Shuffle

Det skal vera plass til dei heimlege musikarane på ein festival som denne, men ingen må tru at Blue Note Shuffle er vald ut på grunn av at dei er osingar. Bandet speler moderne elektrisk texasblues og klassisk texasshuffle framført i rockinfluert stil på ein måte som ikkje står tilbake for meir kjende band og garva karar i bluesen. Mesteparten av repertoaret er eigenkomponerte låtar, ført i pennen av gitarist og vokalist Steinar Lyssand. Han har med seg trommis Kjell Arne Haringstad, snart for veteran å rekna på osiske scenar og Torbjørn Kristiansen på bass, iallfall ein veteran, må vi seia. Det er krevjande å spela i trio, men etter det som blei prestert under romjulsbluesen 2009, der dei absolutt matcha store namn som Hungry John & the Blue Shadows, er vi heilt trygge på at det kjem til å bli vel verd å ta turen til Visningssenteret under matinéen og ikkje minst jamen på lørdag der Blue Note Shuffle skal spela ei nøkkelrolle, også som backing for eventuelt andre som vil prøva seg igjen på scenen.

Sjå video:

Ei tilbakemelding på “Blue Note Shuffle”

  1. Erlend Hove seier:

    Utruleg bra, eg gleder meg til festivalen 2010

Legg attende ein kommentar