«Skyt meg med tre roser»
Britt-Synnøve har vore utøvande artist i fleire år. Ho er allsidig med ei brei musikalsk spennvidde. Repertoaret har etter kvart blitt omfattande – frå jazz og viser til meir kraftfulle songar. Ei stor røyst har ho, iallfall, anten repertoaret er slik eller slik, så god at NRK Rogaland kåra henne til «Rogalands flottaste stemme» i 2007. Det er naturlegvis ikkje den einaste utmerkinga ho har fått. Alt ho har gjort, har blitt møtt med svært god kritikk.
Bak seg har ho utgjevnader både som soloartist og som gjesteartist, mellom anna på Vamp-innspelingar og på ei plate med ingen ringare enn Delbert McClinton. Men det er scenen som ligg hjarta hennar nærast – både i form av konsertar, kabarétar og teater. Formidling og kommunikasjon med publikum er utan tvil ei av dei sterkaste sidene hennar som artist. Våren 2008 spelte ho hovudrolla i Kulturbyprosjektet Byterminalen, saman med mellom andre Espen Hana og Erik Røe, Stavanger, og vinteren 2009 blei det Oliver på Sandnes kulturhus.
Andre prosjekt som ho har hausta mykje lovord for, er hennar flotte tolking av Edith Piaf, Vreeswijk-forestillinga Ballader och Grimascher, musikalen Les Misérables i Moster Amfi og Carmen på Rogaland Teater. Britt-Synnøve har også hatt suksess med eit program som heiter We’ll meet again.
Det nye soloprosjektet har tittelen «Skyt meg med tre roser», og det er dette ospublikumet skal få gleda av å oppleva under festivalen. For første gong skal det gjevast ut eit heilt album med argentinsk tango på norsk, nærmare bestemt på karmøydialekt. Britt-Synnøve har plukka frå øvste hylle i argentinsk tango, og albumet blir lansert 8. mars.
Musikarane på plateinnspelinga er mellom dei aller beste i landet innanfor denne sjangeren, med vår eigen, må vi seia, Ole Amund Gjersvik på bass, Tor Jaran Apold (fiolin), Andreas Rokseth (bandoneon) og Håkon Magnar Skogstad (piano) Musikken spenner heilt frå tidleg 1900-tall, via Carlos Gardell til Piazzollas meir moderne tango. Britt-Synnøve har gjendikta dei eksisterande tangotekstane til sin eigen dialekt, som ho gjorde med stor suksess med Piaf. Og bra er det, for medan tango i Norge framfor alt er kjend som dans, er sjangeren i den spanskspråklege verda minst like kjend for sine melodiar og tekstar. Slik skal «Skyt meg med tre roser» åpna tangouniverset for det breie lag i Norge, også utover dansen. Og kjenner vi denne artisten og dette bandet rett, blir det eit av dei absolutte høgdepunkta under festivalen. Høyr på dette fantastiske klippet: