CC Cowboys

For mange vil nok dette bandet vera sjølve rosinen i festivalpølsa denne gongen. Det er ikkje for mykje sagt at bandet har opparbeidd seg ein nærast legendarisk posisjon mellom norske rockeband. Singelen «Harry» frå 1990 låg som klistra på hjernen til dei fleste nordmenn i årevis, og den evna bandet har hatt til å fornya seg utan å mista særpreget sitt, har skaffa dei mange tilhengjarar og gjort at »Harry» ikkje var noko eingongstilfelle. «På en god dag» frå 2003 og «Kanskje du behøver noen» frå 2009 låg såleis lenge på listene, og samleplata frå 1998, «Ekko», selde meir enn 100 000 eksemplar.   Namnet CC Cowboys tok dei frå låten med same namn av den svenske gruppa Imperiet då dei starta opp i 1990. Same året gav dei ut «Blodsbrødre», det første av ti album og fekk Spelemannsprisen som beste nykomar. I 1996 bestemte dei seg for å leggja opp. Det skal vi vera glade for at dei ikkje gjorde, og tallause konsertar etter den tida har vist at dei framleis har hatt og har taket på publikum.

CC Cowboys speler vaksenrock. Det er stilsikkert og elegant gjort, gode norske tekstar og instrumentering av høg kvalitet. Musikarane no er Magnus Grønneberg, gitar og vokal, og ikkje minst låtskrivar, Jørn Christensen, gitar, Per Vestaby, bassgitar og trommisen Agne Sæther, som var med heilt frå starten og som Grønneberg henta inn då han starta bandet opp att etter at dei hadde bestemt seg for å slutta.

Bandets historie er kassegitar, trekkspel, skiftingar i besetninga og ein unik posisjon i norsk musikkliv. Avskjedskonsertane i 1996 ville ingen ende ta, publikum nærast nekta dei å slutta. Kanskje gjorde pausen fram til ny oppstart i 2003 bandet godt, for låtane deira er minst like gode no som dei første hjernevaskarane var i starten av karrieren. 

Staden er Vognhallen, dagen er fredag. Og plassen framfor scenen er stappande full. Noko anna skulle forbausa oss mykje.

Sjå video her:

Legg attende ein kommentar