Eric «Slim» Zahl & the South West Swingers

Eric «Slim» Zahl & the South West Swingers er inspirert av lyden frå 50-talet. Dei ønskjer å føra vidare dei flotte tradisjonane frå denne perioden med eit rocka uttrykk både musikalsk og med slips, bukseselar og sleipe skor, blir det sagt, og det er sant. Bandet er mellom dei mest framstormande no for tida, og det dei har prestert på diverse bluesfestivalar og -klubbar, mellom anna her på berget, har absolutt gitt meirsmak.  Bandet består av Eric «Slim» Zahl sjølv på gitar og vokal, Øystein «Boogieman» Undem, kjend også frå BB Lyngs Bluesband, på tangentar, Roald Brekke på bass/vokal og Atle H. Strøm på trommer. Bandet har mellom andre Brian Setzer og Vidar Busk som førebilde, og sjølvaste Kim Wilson i The Fabulous Thunderbirds var svært interessert i å spela med gutane då dei var i Norge i forfjor. Alle har fartstid i kjende norske band og veit kva det vil seia å spela blues. Og rockabilly i femtitalsstil. Bandet skal spela i Vognhallen på fredag og på eit av cruisa med MS Midthordland. Møt opp. Dette er ein godbit av dei lekre.

Sjå videoklipp her:

Ei tilbakemelding på “Eric «Slim» Zahl & the South West Swingers”

  1. Vikedal Geir seier:

    Dette gleder vi oss veldig til!! Har hørt bandet 2 år på rad i Vikedal, under Vikedal Roots festival. GLED DERE!!!!!!
    Gitaristen er et funn, pianisten overgår Reidar Larsen og kompet er dynamisk, swingende og helt perfekt til denne musikken!

    undrer meg på hvorfor bandet ikke spiller på alle landets blues festivaler??? en skam at Vikedal ikke har hentet dette bandet igjen…. Men kommer heller til Osøren å hører de igjen!! :-)

    Geir.

Legg attende ein kommentar