Dette bandet skal du få med deg. Det består av fem unge talentfulle musikarar, nettopp ferdige med jazzutdanninga i Oslo og Stavanger, som speler som garva veteranar utan nemneverdig frykt og respekt for inspirasjonskjeldene. Desse er til gjengjeld ingen ringare enn John Coltrane, Avishane Cohen og Maria Kannegård, for å nemna nokre. I spissen for bandet står vokalist Eva Bjerga Haugen, kåra til Årets Stavanger-kunstnar for 2010; dei andre er Gunnar Hågbo, tenorsax/barytonsax, Jan K. Hovland, piano, Theodor B. Onarheim, bass og Bendik Andersson, trommer.
Trass i ung alder og kort fartstid har Eva Bjerga Haugen og bandet rukke mykje allereie. I fjor var dei inviterte til Aberdeen International Youth Jazz Festival der dei spelte på den legendariske jazzklubben Lemon Tree, og på Maijazz i Stavanger, der Mathias Eick var gjestetrompetist. I mai/juni i år skal dei spela på Nattjazz i Bergen og har blitt plukka ut til å delta i konkurransen Jazzintro, ei nokså prestisjetung tevling arrangert av Rikskonsertane, med finale under Moldejazzen til sommaren. Er FairFist heldige, vil dei sitja igjen med ein premie til ein verdi av mange hundre tusen. Tida får visa dette. Men at dei er representerte i denne tevlinga, borgar for høg kvalitet, og forventning frå dei som bestemmer, det er det ingen tvil om.
Bandet skal spela på Visningsenteret fredag kl. 2100. Det er grunn til å få med seg denne svært dyktige stavangerjenta og bandet hennar. Høyr på lydklippet.