Dette bandet er eit fyrverkeri på scenen, og dei som hugsar bandet frå i fjor, veit at dei speler råtøff blues som går rett i ryggmargen. Bandleiar Terje Frigaard er både låtskrivar, munnspelar og vokalist som har hausta lovord overalt. Bandet består elles av Reino A. Småland på gitar, Peter H. Sæverud på bass og Jan Peter Ågotnes på trommer. Frigaard speler sjølvlaga låtar og coverlåtar av Georg Thorogood, The Fabulous Thunderbirds, ZZ TOP osv. Det er andre gongen dei speler på Osøren Blues og Jazzfestival, og tar vi ikkje heilt feil, kjem dei til å slå like godt an i år. Tre gonger skal dei i elden denne gongen, to gonger på fredagscruise og eitt på laurdag.
Sjå video: