Herskedal/Neset

 

 Marius Neset og Daniel Herskedal har utvikla ein unik sound gjennom samspel og turnear. Det er ikkje vanleg å oppleva ein duo som speler tuba og saksofonar, men karane gjer alt frå det sterkt energiske til det lyriske og vakre. Repertoaret er sjølvskrive, dei speler også folketonar og salmar i eit jazzifisert og etnisk uttrykk. Begge musikarane har utdanninga si frå Rytmisk Musikkonservatorium i København. Dei har studert og turnert saman dei siste åra.

Herskedal er freelansmusikar i fleire band og tubalærar ved Rytmisk Musikkonservatorium i tillegg. Han debuterte med eige band i 2009 på Copenhagen Jazz festival og Moldejazz, har mottatt ei rekkje prisar som t.d. beste solist ved Getxo International Jazzfestival i 2004, Rytmisk Musikkonservatoriums talentstipend i 2007, Sparebanken Møre/GNIST-stipend i 2007 og Moldejazz sitt talentstipend i 2008, for å nemna nokre av dei.  Han er engasjert til å skriva bestillingsverk for Trondheim Jazzorkester til Moldejazz sitt 50-årsjubileum i 2010.

Marius Neset er ikkje akkurat nokon nybegynnar, han heller, trass i ung alder. Han er kjend frå banda JazzKamikaze, People are Machines og Kaktusch, har mottatt Nattjazzprisen, Sparebank 1 sin hovudpris, blitt kåra til beste band ved Getxo Jazzfestival og vunne fleire internasjonale konkurransar. I 2008 kom han med soloplata «Suite for the Seven Mountains», som fekk strålande kritikkar.

Neset/Herskedal speler i Visningssenteret på laurdag.  Det skal bli spennande å oppleva denne forma for samspel også på Osøren Blues og Jazzfestival. Ein liten smakebit får du her:

All Men Amen

Legg attende ein kommentar