Mjånes/ Dahlstrøm/ Moe/ Jakobsen

Tone Linn Mjånes er ein sterk artist som er verdt å få med seg. Ho er ikkje mindre enn ein glimrande songar, med ei utstråling og sceneframtreden som ikkje er til å unngå å verta sjarmert av.

Førre gong Mjånes gjesta OBJF var i 2008 saman med Tone Linn Mjånes Quartet. I år har ho fått med seg eit knippe framifrå musikarar – pianist Harald Dahlstrøm, bassist Yngve Moe og Frank Jakobsen på trommer som har prega det norske musikklivet i ulike sjangrar i over tretti år. Mjånes har også gjort seg bemerka i fleire andre samanhengar,  mellom anna i His Majesty`s theatre i Aberdeen, ho har turnert med ulike teaterproduksjonar som skodespelar og ikkje minst har ho gjort seg bemerka som songar saman med Voksne herrers orkester. Harald Dahlstrøm og Yngve Moe utgjer også halvparten av sistnemnde, som Mjånes har gjesta mange gonger i løpet av dei siste åra.

Bandet som no gjestar OBJF, gjorde sin første konsert på Evans Jazzclub (Bergen) i desember 2009 og vert igjen presentert i vårprogrammet til jazzklubben med omtalen: ”Vi får et gjensyn med et av høstens høydepunkter!” Det vert eit spennande repertoar basert på mange års samarbeid – ei god blanding av Dahlstrøm sine komposisjonar i samspel med Mjånes sine eigne tolkingar av både standard- og poplåtar. Det vert vakkert og vart, friskt og spenstig – det heile servert med ein underfundig humoristisk undertone.

Legg attende ein kommentar