Omar & the Howlers

Omar & the Howlers er mellom dei aller største innan for sin sjanger i USA, men han er kanskje minst like stor i Europa. Bandet er eit Texas-basert bluesband med opphav i Hattiesburg, Mississippi, starta av gitarist og songar Omar Kent Dykes i 1973. Seinare flytta dei til Austin og blei eit naturleg og høgt skatta innslag på dei mange klubbane der. Bandet reiser ofte på turne i Europa, men dette er første gongen vi har gleda av eit besøk av denne nærast legendariske bluesartisten.

Kent Dykes, som han heiter, begynte tidleg å spela gitar og fekk vera med i sitt første band allereie som 12-åring.  joined his first band at 12. I 20-årsalderen var the Howlers eit faktum, men det var som partyband dei først blei kjende. Det gjekk i rock n’ roll, rhytm and blues, litt polka og western swing. På denne tida begynte han å kalla seg Omar og utvikla interesse for blues.

Etter eitt år i Austin, blei dei andre bandmedlemmene lei av å spela musikk på fulltid, så Omar blei igjen og sette saman eit nytt band med same namn. Debutalbumet kom i 1980, Big Leg Beat, rett i hælane på eit anna berømt Austin-band, The Fabulous Thunderbirds. Plata blei ein ganske stor lokal hit, det same blei oppfølgjaren I Told You So.

Gjennombrotet kom i 1987 då han fekk kontrakt med Columbia og gav ut den fantastiske Hard Times in the Land of Plenty, som selde meir enn ein halv million eksemplar. Bandet bestod no av Omar på gitar og vokal, Bruce Jones på bass og Gene Brandon på trommer. Kven som kjem til Os denne junikvelden, er litt usikkert, men vi tippar at desse også er med: Steve Kilmer, Rich Chilleri, John Inmon og Paul Junior.

Omar er kjend for ei svært særprega stemme og eit rått gitarspel. Her ligg han i verdsklasse, rett og slett.Meir enn tjue suksessrike plater har det blitt etter dette, både for Columbia og Provogue og for deira noverande selskap Ruf Records. Han er ein sann norgesven, og det er vel truleg at ospublikumet kjem til å gjengjelda dette etter konserten i Vognhallen på laurdag der han skal spela saman med Trond Olsen Band og Angela Brown.

Sjå video:

Legg attende ein kommentar