Årets blues og jazzfestival vart ein suksess med mykje god musikk og, ikkje minst, med rimeleg godt ver, utekonsertar midt på laurdagen og ei fantastisk ramme om arrangementet. Eit entusiastisk publikum fekk oppleva eit kulturhus som ser ut til å kunna makta eit så stort arrangement som ein blues- og jazzfestival er. Publikum fekk også høyra artistar på svært høgt nivå på alle arenaer i kulturhuset, som i hovudsak fungerte svært bra. Det står respekt av både arrangørane og eigarane av kulturhuset for dette store løftet. Styret i Osøren Blues og Jazzfestival vil naturlegvis gå gjennom sterke og svake sider ved årets festival i tida som kjem, men slik det no ser ut, vil ein truleg landa på same konseptet for neste år. Følg med på nettsidene våre og ta gjerne kontakt med synspunkt. href=»http://www.osoren.no/wp-content/uploads/CIMG1844.jpg»>