Osøren Blues og Jazzfestival starta oppkjøringa til festivalen i 2010 i november 2009. Ikkje noko nytt tiltak, dette, for det har vorte ein tradisjon å å varma opp publikum og førebu dei til hovudhendinga i juni gjennom å presentera artistar også utanom sjølve festivalen. Denne gongen var det Trond Olsen Band som fekk æra å stå for oppvarminga. Det gjorde dei på ein måte som heilt sikkert er medverkande til at osingane har klart seg så pass godt gjennom ein vinter som har vore kaldare enn vi er vane med. Det går framleis gjetord om den musikalske prestasjonen til dette bandet. Dei har ein flott spelestil, eit svært personleg uttrykk og er drivande dyktige musikarar: Kåre Glesnes på bass, Morten Bergstrøm på trommer og Lars Hammersland på tangentar. Repertoaret er først og fremst skrive av frontfigur og gitarist Trond Olsen sjølv, men omfattar også låtar av dei store bluesgigantane. Første singel og album, » A New Day Coming» kom i 2009 og inneheld alt frå sugande blues til funky rytmar. Bluesklubbar og konsertmeldarar har vore frå seg av begeistring, som det heiter på bokmål; til dømes skreiv sjølvaste Notodden Bluesfestival etter at dei hadde spelt der i fjor: » Jubel, jubel! Et nytt norsk bluesband som låter fett» Detvar suksess i november på oppvarmingskvelden, og det er ikkje umogleg at det blir endå flottare denne gongen. Vognhallen på lørdag er staden, om du vil høyra dette gode sotra/bergensbandet. Høyr dette flotte lydklippet før du kjem: