Gamle Ørners Bluesband speler Baby, please don’t go
Gamle Ørners Bluesband eller GØB som dei gjerne kallar seg, er eit utprega liveband med trøkk og speleglede. Dei trekkjer fulle hus og syter for topp stemning overalt. Bandet er ei god blanding familie og vennegjeng som har sans for blues og rock, anten det no er gamle klassikarar eller sjølvkomponert stoff, som dei speler i aukande grad.
Karane er frå Osterøy, og vokalist Geir Mæhle seiest å vera »Øynes» svar på Joe Cocker. Han er rutinert og syng i fleire band, mellom anna Ladyshave Experience. Per Erlend Andersen trakterer trommene og har røynsle frå heavymusikken også. Tom Birkaas på bass har spelt i ei rekkje ulike band, mellom anna Cartago og Jump Up. Alfred ”Affen” Birkaas er ein klassisk skulert, men fersk bluesgitarist med feeling, står det på heimesida til GØB. Og å døma ut frå videoane som ligg på nettet, og som du kan høyra ein smakebit av her, er ikkje det for mykje sagt. Sist, men ikkje minst er det Johannes O. Borge, hyggjepianist, seier han sjølv, men keyboardist i bandet.
Under festivalen skal GØB spela på Visningssenteret på matineen. Vakkert ver, utsikt til ei lita forfriskning ein laurdag ettermiddag og flott bluesmusikk i øyra skulle kunna freista dei fleste, skulle vi tru.