Marius Neset

I 2008 utga Marius Neset den  første soloplata si, «Suite For The Seven Mountains»  Plata fekk  strålande meldingar i heile Skandinavia, mellom anna i SAS – magasinet, og blei omtalt som eit meisterverk.  No har Marius Neset nettopp spelt inn si andre og komande plate, ”Golden Explotion”, saman med Django Bates på keyboard, Anton Eger på trommer og Jasper Høiby på bass.  Dette markerer eit nytt kapittel i Marius Nesets musikalske karriere og er skapt av kreativitet, energi, fargar, melodiar,  rytmar og leik.

Musikarane Marius har med seg denne gongen, er på svært høgt internasjonalt nivå.  Django Bates er rekna som ein av dei mest kompetente og nyskapande musikarane i verda og er mannen bak legendariske band som Loose Tubes, Human Chain og Delightful Precipice. Trommis Anton Eger er heller ikkje av dei ukjende, han har spelt med JazzKamikaze, Phronesis, Human Chain og People are Machines. Tredjemann i rekkja bak Marius, Jasper Høiby, er hovudmannen  bak Phronesis, som fekk siste plata si kåra til årets niande beste av det internasjonale jazzmagasinet Jazztimes.

Diverre kan ikkje Bates vera med på konsertane, men ein annan fantastisk engelsk musikar, Ivo Neame, vil traktera tangentane  denne kvelden.

Marius seier sjølv at han har prøvd å laga ei plate med musikk bygd opp rundt saksofonen og alle dei moglege variantar som finst på den, bryta grenser og utforska kor langt han kunne gå gjennom melodifrasar som «intervallmessig er bortimot ekstreme», seier han.  «. . Selvfølgelig var det en stor utfordring, og jeg ble virkelig nødt til hele tiden å gjøre om på ideene mine, før det til slutt ble til god musikk. Dette er en plate som inneholder store kontraster, som for meg er det som gjør hele platen interessant å høre gjennom. Som i de fleste andre situasjoner i livet, er kontrastene det som gjør ting interessante. . » , seier Marius i ein kommentar til oss.

I tillegg til denne konserten vil Marius også spela på Telthusplassen i sentrum laurdag klokka 1100. Til den konserten vil han ha med seg ein trio. Følg med på eventuelle endringar i programmet.

Legg attende ein kommentar