Når store dagar og hendingar skal feirast, skal Osøren Jazzensemble vera med. Osøren har vore med på alle festivalane og vil truleg halda fram med det. Ikkje bare fordi det har blitt tradisjon, men også fordi bandet forsvarar plassen reint kunstnarleg. Det er velspelt, svingande og slik tradjazz skal vera.
Samansetjinga av bandet har veksla noko, heile tida med ein fast kjerne på banjo, trombone og klarinett, og noko av populariteten til bandet ligg nok i dette. Du veit kva Harald Lekven, Geirmund Sandven og Geir Mildestveit er gode for. Men dei tre andre er snart for veteranar å rekna, dei òg. Både Stein Inge Brækhus på trommer, Ole Amund Gjersvik på bass og Are Ovesen på trompet er gamle kjenningar.
Osøren er suverene herskarar av cruisa, og skal på fjorden tre gonger, to av dei saman med vokalisten Tone Linn Mjånes. Vi pla seia dette kvart år: Cruisa blir fort utselde, så følg med når billetane blir lagde ut.