Vårfesten på Peppes

I år går vårfesten/det offisielle programsleppet av stabelen laurdag 10. april på Peppes på Osøyro. Osøren Blues og Jazzfestival kan by på ekte storbyblues, blanda med powerblues à la Stevie Ray Vaughn, med Hereide and the Bluesgangsters, til berre 100 kroner i inngangspengar.

Hereide and the Bluesgangsters har halde på sidan 2005, fekk Talentprisen under Skånevik Bluesfestival året etter, har varma opp for store nasjonale og internasjonale artistar som Hungry John, Paul Rodgers og Pretty Things, spelt på Notodden bluesfestival og gitt ut CD-en «No Sugar» for tre år sidan. Bandet er ein trio med Bård Henrik Hereide frå Skånevik på vokal og slagverk, Simon Sandvik frå Bømlo på bass og osingen Stig Are Sund på gitar. Responsen på konsertane deira har vore fantastisk, for det er eit showband som gir full gass og som verkeleg kan spela som dei gamle førebilda.

Det er plass til maks 130 peronar, så det løner seg å vera ute i god tid. Billettsalet opnar klokka 2030, men det vil også vera høve til å kjøpa billettar på Peppes på førehand.

2 tilbakemeldingar på “Vårfesten på Peppes”

  1. Ingun Meiler seier:

    Det var ein fantisk konsert på Peppes på Os igår (10. april) Vi blei heilfrelste og ganske overraska at dei var SÅ gode!
    Synd at dei ikkje står i programmet for Bluesfestivalen i juni!!! Vi ønsker dei velkommen tilbake til Os!!!
    (Vi har et ønske om ei ung dyktig soulsangerinne vi har på lur til dei!Ho hadde passe perkeft! Det hadde vært «toppers»!)
    Han som kom med i 2. settet passa ikkje heilt inn – dei var bedre uten han – synd, men sant!
    Helsing Tove og Ingun

  2. Gunnar Nagell Dahl seier:

    Takk for det?
    Vi jobbe med å få plass til desse på festivalen i år, i en eller annen setting

    MVH
    GunnarD

Legg attende ein kommentar