Papa Slide Band består av fire garva musikarar frå det lokale blues- og jazzmiljøet med fartstid og røynsle frå det meste innanfor desse sjangrane. Geir Rognø på bass, Arild Seim på gitar, Valentin ”Pappi” Donev på trommer og Rune Nordvik på slide speler variert rytmeblues og kan halda liv i dansefot og litt av kvart om du låner dei øyra. Ingen kan vel gløyma spelet til Arild Seim under dei mange konsertane med Son Mu på åttitalet i Os Jazzlag eller Geir Rognø sin bass i Little Big Band, for berre å nemna noko av kvaliteten i dette bandet. Dei andre ligg ikkje etter, så dette blir eit solid tilskot til matinéen i Visningssenteret på laurdag. Bandet har laga ein CD, » You can’t hide», som har fått god kritikk, både for låtutvalet og for teknikk og spelestil.