Suksess for festivalen

Den tolvte i rekkja blei også ein suksess for Osøren Blues og Jazzfestival. Midthordland gjekk med fulle krus, og entusiastiske publikumarar svingde seg framfor scenen i Vognhallen til rytmane frå opplagde CC Cowboys, Eric Zahl og sekstenårige Blue Fredrik, trass i nokre regnbyger på fredagen. Etter føropninga på Telthusplassen med Olav Unneland gjekk det slag i slag også i Visningssenteret, der Marius Neset entra scenen med bandet sitt og opna festivalen formelt og presis klokka 1700, følgd opp av BB Lyngs Bluesband, Mjånes/Dahlstrøm/Moe/Jakobsen og FairFist, alle banda i storform.

Laurdag var det full festivaldag, den første i festivalens historie som hadde aktivitetar nærast kontinuerleg. Og då sola fann vegen gjennom skylaget skapte det ein atmosfære akkurat slik han skal vera og som vi er vane med, vermessig. Marius Neset opna dagen med utekonsert på Telthusplassen, og etter dette kom dei i rekkje og rad i Visningssenteret, både under festivaljamen, matineen og på kveldskonsertane: Arve Håland med Cajun Gumbo, Blue Note Shuffle, Papa Slide Band, Gamle Ørners Bluesband, Britt-Synnøve Johansen og Herskedal/Neset, som fekk æra av å avslutta ved midnatt. Vognhallen opna først med flotte Trond Olsen Band klokka 1930, og så kom kanonane frå USA, Omar & the Howlers og Angela Brown. Alt i eit strålande ver og med strålande nøgde publikumarar, etter det vi kunne sjå.

Legg attende ein kommentar