Eit av banda som skal spela under Osøren Blues og Jazzfestival, FairFist, gjekk til finalen i Norsk jazzforums og Rikskonsertane sin Jazzintro 2010. Dette blei klart onsdag kveld, 2. juni, under Nattjazz i Bergen. To band var allereie klare for finalen i Molde 20. juli, og Eva Bjerga Haugen med FairFist kneip den tredje plassen framfor duoen Ine&Peder. Ein finaleplass gjenstår. Den skal kårast under Kongsberg jazzfestival i juli. Vinnaren i Molde får ein toårig lanseringspakke verd fleire hundre tusen kroner og eit arbeidsstipend på hundre tusen. Godt gjort av det unge stavangerbandet og endå ein grunn til å høyra dei i Visningssenteret 25. juni.