- Godt nøgd med resultatet

Festivalsjef Gunnar Nagell Dahl smiler breitt då vi spør om han er nøgd med årets resultat. Han vil ikkje snakka om det økonomiske enno, det ser ut til å ha gått bra, men det gjenstår litt finrekning, seier han. » Men ettersom festivalen er over, kan vi iallfall uttala oss om innhaldet. Og det er vi svært godt nøgde med. Det blei prestert stor kunst og god musikk frå alle scenar i fleire sjangrar og kategoriar, og det administrative og tekniske fungerte prikkfritt. Det eg er mest nøgd med, er at vi greidde å skapa ein festival som engasjerte folk nærast heile helga «, seier Gunnar, som ikkje vil trekkja fram nokon spesiell artist.  » Men det gler meg at det var så mykje folk til stades på jamen og gratiskonsertane og på dei litt smalare konsertane også», seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl før han går heim for å starta førebuingane til neste år.

Legg attende ein kommentar