Haustprogrammet 2010

http://www.osoren.no/wp-content/uploads/plakat-hausprogram-objf-10-bilde.jpg

plakat hausprogram objf 10-pdf

Ikkje før er Osøren Blues & Jazzfestival over, før styret tar mål av seg til å halda fram med arrangement utover hausten Allereie no er det klart for fire konsertar, tre av dei i samarbeid med Peppes og ein som romjulsblues i Fjellheim. Det er ikkje dårlege band, og iallfall tre av dei er kjende for osingane frå før. 10. september kjem Terje Frigaard med sitt band Frigaard på Peppes, 9. oktober er det vossingane Yngve & his boogie legs som skal stå på scenen same stad før Papaslide Band avsluttar denne delen av haustprogrammet på Peppes 27. november. Det er billeg (120) , det blir trangt og sveitt (om lag 100), akkurat slik ein blueskonsert skal vera. Billettane  blir selde i døra same kvelden frå klokka 2030, men dei kan også kjøpast på førehand på Peppes eller gjennom kontakt med Osøren Blues og Jazzfestival.

Vi har tidlegare presentert både Papaslide Band og Frigaard, og du kan lesa meir om dei på artistsida vår her på heimesida. Men Yngve & his boogie legs er nye for dei fleste, vil vi tru. Det er eit rockabilly/bluesband originalt frå Voss, med medlemmer også frå Oslo og Bergen. Bandet består av Yngve Jordalen, kontrabass, Lars Finborud, gitar og munnspel, Bjørnar Ekse Brandseth, vokal og gitar og Anders Fretheim, trommer og litt vokal. Dei bruker ikkje, etter det dei sjølve seier, elektronisk styggedom eller trommemaskin, og garanterer difor den beste musikken. Det er berre å skynda seg og skaffa seg billettar.

Vetrhus Bluesband er ein gammal kjenning. Få, nærast ingen, kan greia å skapa slik stemning som dei når dei set i gang. På Osøren har dei vore mange gonger, og utan å gløyma den fantastiske konserten i 2008 i Vognhallen, er det særleg som båtband om bord i Midthordland dei har gjort seg gjeldande. Denne gongen er det Fjellheim og romjulsblues som står for tur, 30. desember. Følg med på sidene her for meir informasjon om billettsalet.

Legg attende ein kommentar