Siste haustkonsert

Osøren Blues & Jazzfestival har den siste haustkonserten på Peppes den 17. desember, ein laurdag denne gongen. Det er ingen ringare enn osentusiasten Olav Undeland som kjem med sitt band Parchman Farm Stompers. Namnet har dei henta frå det vidgjetne mississippifengselet der mellom andre Vernon Presley, far til Elvis, sat i 30-åra.

Bandet speler delta- og piedmontblues med gitar, munnspel, trommer og vaskebrett. Olav Undeland er dei siste åra blitt omtalt som ein framståande tolkar av blues frå 20- og 30-talet. Her han han med seg Alex Pettersen på trommer og vaskebrett og munnspelaren Eirik Bergene. Denne laurdagskvelden blir svingande og full av blueshistorie.

Fungerande bluesgeneral Tore Lekve lovar elles ein ny omgang blues heile vinteren gjennom, i tillegg til den tradisjonelle romjulsbluesen som denne gongen skal arrangerast i Oseana fredag 30. desember med publikumsyndlingane Vetrhus Bluesband.

Førehandssal av billettar på Peppes og i døra. Billettpris kr 150,-.

AAa

Det er ikkje opna for kommentarar.