Vellukka blues i Oseana

Godt nytt år, kjære bluesvener! Vi i styret i OBJF var spente då den tradisjonsrike romjulsbluesen no skulle gjennomførast i nye omgjevnader. Det viste seg at Oseana fungerte veldig bra til dette arrangementet, og vi fekk mange positive tilbakemeldingar frå publikum. Om lag 400 osingar fann vegen til Oseana denne kvelden.

Også artistane var svært nøgde. I år hadde vi to band på plakaten; «Yngve & His Boogie Legs» og «Vetrhus bluesband», begge banda kjende frå tidlegare arrangement hos oss. Det blei ei musikalsk oppleving frå start til slutt, 0g artistar og publikum koste seg. Eit stort dansegolv gav rom for å svinga seg, og tradisjonen tru frå Fjellheim blei det også her servert betasuppe ved konsertslutt.

Både innleigde og frivillige vakter gjorde ein kjempejobb frå dørane opna kl 2000 til konsertslutt kl 0130. Vaktane skrytte av kjekke og disiplinerte osingar, og også Oseana-leiinga var nøgd.

For å kunne gjennomføra våre ulike arrangement i løpet av året, er vi avhengige av gode samarbeidspartnarar. Styret i OBJF vil takka våre medlemer, frivillige og samarbeidspartnarar for all deltaking i 2011. Vi ønskjer alle jazz- og bluesvener eit riktig godt, blått, nytt år!

Bluesåret 2012

Vi tar sikte på eit nytt aktivt år med jazz og blues i Os, og inviterer til musikkveldar kvar månad på Peppes. Allereide fredag 27. januar får vi besøk av Blues@Stake. Bandet består av Yngvar Gjesdal, Ove Gaassand, Frode Sandstad og Trond Olsen, røynde musikarar frå Bergen, Os og Stord. Billettpris: kr 150,-.

Det er ikkje opna for kommentarar.