Om oss

 

Frå 2009-festivalen

Osøren Blues & Jazzfestival 2009 vart arrangert den 26-28 juni.

Etter stor suksess ved bruk av Vognhallen 2008, vart det også dette året konsertar her, både fredg og laurdag.

Fredag den 26/6 ;

Barneforestilling på Os Barneskule med med Astrid Lindgren: Kalas. Forsvarets Musikkorps Vestlandet opptrådte saman med barn og ungdom frå Os. Ei fantastisk forestilling basert på Astrid Lindgrens verd.

Marius Neset m/Jazzkamikaze -Orbo & The Longshots – Reidar Larsen and the Storytellers

Dette blei ein flott kveld med først vår eigen Marius Neset med sitt band, Jazzkamikaze, som serverte funk jazz i verdsklasse, deretter årets spelemann i klassen blues, Orbo & The Longshots. Dei er jo for osingar å rekna, og publikum fekk valuta for pengane.

Til slutt, og ikkje minst, Mr. Blues, Reidar Larsen and the Storytellers. Alle hugsar vel dei store konsertane dei harhatt, ikkje minst den med damene rfrå USA. Dei kom dessverre ikkje dette året, men Reidar Larsen gav oss fullt trøkk frå første melodi.